Nye og rare tider

Me har hatt nokre spesielle månader på Løo. Det har vore mykje mindre aktivitetar enn vanleg. Før coronanedsteninga kom har me vore i tenkeboks kva som skal skje på Løo framover, og me har kome fram til at drifta av Løo blir nok litt annleis enn før.

Me har allereie sagt opp skjenkeløyve på Løo og me har bestemt at Løo ikkje kjem til å sundagsmiddagar eller jolamat framover. Me vil ikkje ha matservering etter nyttår. Dersom de ynskjer å bruke Løo i framtida må Løo leigast av personar, og de må stå ansvarleg for det meste sjølv, men me vil sjølvsagt gjere vårt for å hjelpe til!

Me kan framleis ta i mot bestilling om det høver av grupper på Løo fram til nyttår, me tek i mot bestillingar på over 20 stk.


Ta konktakt om det er noko de lurar på.

Ingen 17.mai på Løo

Det er ei spesiell tid for alle, og me har bestemt at me held stengt på Løo 17.mai i år. Beklagar til gamle og nye gjester på Løo.

Det er ingenplanar å halde ope før sommaren, men me tek i mot bestilling til lukka lag.

Håpar de får ein fin vår og sommar.

Beste helsing oss på Løo

Konsert med Karoline Vik

Onsdag 8.april kjem Karoline Vik tilbake på Løo og held minikonsert for oss. Etterpå held me ope ut over kvelden og natta.
Inngang på Løo er 100 kr.
Konsertstart kl. 22.00 – dørene opnar kl. 21.00

Velkomne!

JOLAMAT

Søndag 8.desember og 15.desember har me ope på Løo. Nyt førjolstida på Løo. Velkomne!

PS. 2. joledag vert det levande musikk og pub på Løo. Det vert buss frå Løo og ned til Granvin sentrum.

Hausten og desember på Løo

Her kjem ein oppdatering frå oss på Løo på Seim. Me tek i mot bestilling på lag framover. Ellers har m ope for alle desse dagane:

27. oktober -AVLYST! Varmmat buffè på Løo. AVLYST grunna sjukdom.

2. søndag i advent- Jolamat på Løo
3.søndag i advent – Jolamat på Løo

2. joledag – Pub/ dans på Løo med musikk og buss ned til Granvin når me stengjer på Løo.

Hald av datoane, så kjem meir informasjon etter kvart 🙂

Sundagsbuffè 1.september

No har det vore stille på sida her ei stund, men no er me klar igjen til å opne Løo. 1.september vert det sundagsbuffè, ynskjer både nye og gamle gjester velkomne.

17.mai på Løo

Me held ope på Løo 17.mai frå kl.12-18.
Me har varmmatbuffè, dravle, rømmegraut og kake- og dessertbord.

Velkomne

Konsert på Løo langfredag

Det vert konsert på Løo langfredag 19.april. Under kan du lese meir om artisten Leo, samt finne link til ein musikkvideo på Youtube. Håpar mange vil ta turen på ein fin og musikalsk konsert på Løo.

Me har open pub ut over kvelden og natta.

God sommar!

No tek me på Løo ferie. Me vil takka alle vore gjester for fine stunder på Løo, sidan nyttår har me fått vore med på alle livets fasar. Både dåp, konfirmasjon og minnestund. Me har informasjonsmøte, jubilantar, vennegjengar m.m.

Tusen takk til alle for besøket.
God sommar!

Vårstemning i tunet!

No spirar det i kvar ein krok, og graset byrjar å verte grønt.
Eit skikkelig vårteikn for oss på Løo er at konfirmasjonane nærmar seg. I år har me fire konfirmasjonar dei to fyrste helgene i mai, i tillegg til at me ser fram mot bryllupsfest nestehelg!

Me har no fått ferdig dusjannlegg og garderobe, så for mindre lag kan me no tilby sauna!
Kva med ein tur opp/ ned Skjervet, med påfyljande middag på Løo ,og deretter ein tur i ein varm og god sauna.
Dette kan vere kjekt for mindre firma, klubben eller vennegjengen.

Kapasiteten i helgene i mai er noko redusert på Løo og me har kun  ei helg ledig.
Uansett kva de ynskjer, ta kontakt så skal me etter beste evne finne ei tilbod og løysing for akkurat deg!